Hopp til hovedinnhold

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Viktige hendingar i 2021

Det andre leveåret til Digdir var prega av stor aktivitet, mange leveransar og mange hendingar.

Januar

  • Skate, det strategiske samarbeidsrådet og rådgivande organet for Digdir og digitaliseringsministeren, får fire nye medlemmar for dei neste tre åra: SSB, Politidirektoratet, Direktoratet for byggkvalitet og Halden kommune. Skate består av toppleiarane i elleve statlege verksemder og tre frå kommunesektoren.
  • Statsminister Erna Solberg og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland inviterer til nettmøte om digitalisering, der Digdir sine tilbod og våre aktivitetar ofte er nemnt.
  • Resultatet av den første heimekontorundersøkinga er klart. Den viser at tilsette i Digdir har høg arbeidsbelastning i pandemien, men fungerer godt på heimekontor, har svært høg jobb-motivasjon og er nøgde med korleis leiarane følger dei opp.
  • Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup opnar Digital planvarsling, eit DSOP-prosjekt i regi av Direktoratet for byggkvalitet som sparar private utbyggarar mykje tid og pengar når dei skal varsle.
  • Kompensasjonsordninga for næringslivet åpnar. Allereie første dagen var over 230 søknadar godkjente og over 100 verksemder fekk pengane inn på konto.
  • Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup lanserer StartOff, ei ny ordning som skal gjere det enklare og tryggare for offentlege oppdragsgivarar å få hjelp av oppstartsselskap til å utvikle nye løysingar. DFØ leiar arbeidet i samarbeid med Digdir og Nasjonalt program for leverandørutvikling.

Februar

  • Nasjonal verktøykasse for deling av data er lansert. Den skal hjelpe dei som skal dele og bruke data, enten det er mellom offentlege verksemder, eller frå offentlege til private eller frivillige verksemder.
  • Skate publiserer sin erfaringsrapport for 2020 og arrangerer toppleiarseminar med meir 300 toppleiarar og nivå 2-leiarar i offentleg sektor.
  • Drøyt to år etter at det vart mogleg å sende nabovarsler i byggesaker digitalt, er over éin million nabovarsel sendt via Altinn. Samfunnet sparer hundrevis av millionar kroner årleg.
  • Nok ein gang har Altinn fått nye koronatenester i produksjon på få dagar, denne gangen for Arbeidstilsynet, Utlendingsdirektoratet og Sjøfartsdirektoratet.

Mars

  • Tilsynet for universell utforming av ikt avsluttar tilsynet med nettstaden til NAV etter at NAV har retta feila som vart avdekka i tilsynet.
  • Tilsynet får ståande applaus frå EU-kommisjonen for leveransen i eit innovasjonsprosjekt under Horizon 2020 og stadfestar Noreg som føregangsland på universell utforming. Tilsynet vurderte testing og overvaking av nettsider, testreglar, verktøy og felles metodikk i EU.
  • Digdir leverer sin første årsrapport som Digdir, som viser at måloppnåinga for 2020 var god i eit spesielt og krevande oppstartsår.
  • Ni digitaliseringsprosjekt får førebels tilsegn om til saman 109,5 millionar kroner frå medfinansieringsordninga.

April

  • Torgeir Strypet går av som avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Leikanger. Frode Danielsen tek over som fungerande.
  • 13. april: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup deler ut klarspråkprisane for 2020 til Arbeidstilsynet og Bergen kommune. Utmerkinga «Årets trekkhund» går til Ingvill Eriksen i Direktoratet for e-helse.
  • Digdir, NSM og DFØ lanserer ein felles rettleiar som skal hjelpe verksemdene å lukkast med heilskapleg styring og kontroll av informasjonssikkerheit.
  • Sju nye innovasjonsprosjekt som skal skape betre løysingar for brukarane får til saman 19,3 millionar i støtte frå Stimulab-ordninga til DOGA og Digdir. Trondheim og Bergen kommune, Vestre Viken, Digitale Helgeland, Skatteetaten, Brønnøysundregistera og NAV står bak prosjekta.

Mai

  • 1 450 deltek på den digitale Digitaliseringskonferansen 2021 «Saman for ein enklare digital kvardag».
  • Folkehelseinstituttet vinn Digitaliseringsprisen for den nye samhandlingsløysinga som gjorde det mogleg å motta svar på covid-19-prøvar frå laboratorium i heile landet.
  • Første trinn i utviklinga av koronasertifikat i Noreg vert lansert. No kan innbyggarar logge seg inn på Helsenorge via ID-porten og sjå sin vaksinasjonsstatus og testresultat.
  • Kompensasjonsordninga for innreisekarantene opnar med hjelp frå både Altinn og ID-porten. Ordninga skal hjelpe verksemder som har hatt store kostnader til innreisekarantene og smitteverntiltak for utanlandske arbeidstakarar.
  • Stortinget vedtek nye krav om universell utforming av nettstadar og appar som følgje av EU sitt webdirektiv WAD. Dei nye krava gjeld for offentleg sektor. Dei nye krava vert tilgjengelege på norsk ein månad seinare.

Juni

  • Som ein del av Datafabrikken lanserer Digital Norway og Digdir nettsamfunnet Datalandsbyen i samarbeid med Statens vegvesen.
  • EU-kommisjonen legg fram sitt forslag om å etablere ein ny e-ID for alle dei 750 millionar innbyggarane i EU. Digdir orienterer om planen i ei podkast som vekker stor interesse.
  • Mobilsvindlarar stel personopplysningar og nettdetaljar frå folk sine mobiltelefonar i det største angrepet Telenor nokon sinne har registrert.
  • Første versjon av Datafabrikken – ein konseptversjon – er tilgjengeleg.

Juli

  • Digdir arrangerer sommarcamp for studentar innan IT, design, juss og forvaltningsinformatikk i Leikanger og Brønnøysund i samarbeid med Digitale Helgeland og Brønnøysundregistrene. I Leikanger leverte studentane eit konsept for digital lommebok. I Brønnøysund leverte dei konsept for redusert foreldrebetaling for 16 helgelandskommunar.

August

  • Altinn blir offisielt godkjent av UNICEF som Digital Public Goods fordi Altinn gjer fritt tilgjengelig kjeldekoden for ei løysing som understøttar FN sine bærekraftsmål.
  • Digdir lanserer Stifinnaren, som skal hjelpe offentlege verksemder med god styring av informasjonssikkerheit
  • Næringsminister Iselin Nybø lanserer Tilda, ei ny datadelingsteneste for tilsynsdata som gjer det mogleg for 80 tilsynsmyndigheiter, 201 brannvesen og meir enn 100 el-tilsyn å samhandle betre og effektivisere tilsynsarbeidet. Altinn og Maskinporten utgjer kjerna i løysinga.
  • Digdir sin sluttrapport etter innsiktsfasen for livshendinga dødsfall og arv vert publisert.

September

  • Digdir flyttar inn i nye kontorlokale i Brønnøysund saman med Brønnøysundregistera.
  • Digdir er ein god og attraktiv arbeidsplass, viser ei ny undersøking. Resultata er svært gode samanlikna med andre verksemder og viser at dei tilsette trivst veldig godt på jobb, opplever mestring og brenn for samfunnsoppdraget og arbeidsoppgåvene.
  • Digdir lanserer «Bli kjent med digitaliseringsstrategien» med ti korte og enkle filmar for tilsette i offentleg sektor som vil forstå regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi for Noreg.
  • Digdir arrangerer Brukarrådet digitalt med nesten 1 000 deltakarar. Tittelen er «Fellesløysingar for ein enklare digital kvardag».
  • Altinn held sitt aller siste styringsrådsmøte. Frå november får Digdir eit felles styringsråd for alle fellesløysingane.

Oktober

  • Digdir flyttar inn i nye kontorlokale på Økern portal i Oslo.
  • Digitaliseringsrådet lanserer sin erfaringsrapport på det årlege erfaringsseminaret. Hovudbodskapen er at det trengs meir omfattande fornying i offentleg sektor for å kunne skape betre tenester for innbyggarar og næringsliv.
  • Nokios, som står for Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor, vert arrangert i Trondheim.
  • Rettleiinga for digitaliseringsvennleg regelverk vert lansert på digdir.no. Rettleiinga skal vere eit verktøy for alle som utviklar lover og forskrifter.
  • Digdir markerer den nasjonale sikkerheitsmånaden «Ein trygg digital kvardag» med ei rekke digitale aktivitetar.
  • Cat Holten går av som avdelingsdirektør etter å ha leia Altinn og informasjonsforvaltning i seks år. Andreas Rafaelsen overtek som fungerande.

November

  • Digdir lanserer ei oppdatert rettleiing for orden i eige hus i samarbeid med KS og Arkivverket. Rettleiinga viser korleis verksemda kan få oversikt over data, beskrive dei og dele oversikten med andre – og jobbe heilskapleg med personvern, internkontroll og informasjonssikkerheit, dokumentasjonsforvaltning og arkiv.
  • Etter eit prosjektløp på 1,5 år, set Altinn i produksjon ein ny versjon av SharePoint 2019 som gjer sikker og stabil drift av meir enn 10 000 tenester fram mot 2026.

Desember

  • Digdir lanserer ei ny rettleiing for digitale samanhengande tenester på digdir.no i samarbeid med DFØ. Rettleiinga gjer eksempel og råd basert på innspel frå dei som jobbar med livshendingane og kjenner utfordringane på kroppen.
  • «Samanhengande tenester» markerer overgangen frå prosjekt til linje og vert ei eiga avdeling med formell verknad frå 1.1.22.
  • DFØ sin direktør Hilde Singsaas møter dei tilsette i Digdir i både Brønnøysund, Leikanger og Oslo. På eit digitalt allmøte gjer ho innsikt i DFØ, som etter samlokaliseringa på Økern portal vert ein enda nærmare samarbeidspartnar for Digdir.
  • Skate overrekker råd og eit brev signert av alle 14 Skate-direktørane til kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.