Kommunikasjon - fagrekneskap

Vi vurderer måloppnåinga på kommunikasjon i 2021 som god. Nettbruken auka, deltakarane ga arrangementa høgare skår og arbeidet med klart språk tok nye steg.

Mål

Digdir hadde fire hovudmål for fagområdet kommunikasjon i 2021:

  1. Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som hjelper fleire for mindre.
  2. Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med.
  3. Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir.
  4. Vi styrker klart språk.

Resultat

Oppsummert vurderer vi den samla måloppnåinga som god for 2021.

Mål 1: Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som hjelper fleire for mindre

Bruken av nettstadene me har ansvar for auka i 2021. Heimesida digdir.no dobla nesten bruken i sitt andre leveår. Altinn.no er Digdir sin mest brukte nettstad med om lag 120 millionar sidetreff og ei auke til nær 70 millionar brukarøkter – fordelt på 4,9 millionar unike brukarar. Noreg.no har auka aktivitet med heile 40 prosent. Auka skjedde særleg i januar fordi mange kommunar sende ut e-postar til innbyggjarar over 65 år om koronavaksinasjon, og oppfordra dei til å sjekke kontaktinformasjonen sin i Kontakt- og reservasjonsregisteret via Noreg.no. Tilsynet for universell utforming auka trafikken med 35 prosent på dei nye nettsidene. Samarbeidsportalen er viktig for alle brukarstadane av fellesløysingane. Aktiviteten var noko lågare enn året før, men stadig over 100 000 brukarøkter. Hjelpesidene til ID-porten hadde over 3 millionar økter, som i 2020.

Unike brukarøkter på Digdir sine nettstader
Nettstad 2017 Endring 17–18 2018 Endring 18–19 2019 Endring 19–20 2020 Endring 20–21 2021
ID-porten hjelpesider 1 603 177 13 % 1 812 632 – 18 % 1 495 876 105 % 3 058 513 0,80 % 3 083 066
Norge.no 1 415 793 22 % 1 733 104 – 8 % 1 603 087 9 % 1 749 876 40,70 % 2 462 147
Digdir.no 358 779 69,44 % 607 929
Altinn.no 37 476 652 54 % 57 535 548 10 % 63 190 989 4 % 65 836 829 3,79 % 68 324 185
Altinn digital 857 468 % 4 864 – 30 % 3 412 – 1,99 % 3 344
Prosjektveiviseren.no 91 942 11 % 102 084 8 % 110 568 12 % 123 550 2,85 % 127 072
Samarbeidsportalen 33 991 18 % 39 998 77 % 70 666 63 % 115 000 – 7,94 % 105 870
Tilsynet for universell utforming 66 557 9 % 72 799 13 % 81 976 20 % 98 583 35,37 % 133 448
difi.no 596 442 17 % 696 754 17 % 815 031 – 46,68 % 434 563 avslutta avslutta

Mål 2: Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med

I 2021 auka vi aktiviteten og deltakarane er meir nøgde enn før. Difor vurderer vi måloppnåinga som god. Vi har styrka oss med eige konferansesenter og studio saman med DFØ på Økern portal.

I 2021 lagde Digdir heile 112 arrangement, mot 75 i 2020. Vi har ikkje nøyaktig tal på deltakarar fordi mange arrangement ikkje hadde påmelding, men åpen lenke. Vi hadde 7 895 påmeldte, men det reelle talet er høgare. I 2020 deltok totalt 9 600. Ingen arrangement var kun fysiske, men to var hybride. Digitaliseringskonferansen hadde 1457 deltakarar, som var noko færre enn i 2020 med 1 813. Brukarrådet hadde 973 deltakarar.

Deltakarane er meir nøgde enn i 2020. På ein skala frå 1 til 6, der 6 er svært nøgd, skårte arrangementa 4,97 for fagleg nytte mot 4,83 året før og 4,95 som heilskap, mot 4,78 i 2020.

Strømmetenestene bidreg sterkt til meir- og etterbruk av arrangementa våre. I 2021 hadde Digdir 64 000 visningar på Vimeo, 5 000 fleire enn året før, og 19 049 unike sjåarar, mot 26 000 i 2020.

Mål 3: Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir

I 2021 styrka vi kommunikasjonsinnsatsen på prioriterte satsingar som Datafabrikken og DIGITAL.

I 2021 auka vi talet på følgarar på alle sosiale medium. LinkedIn dominerer med 10 093 følgarar, opp frå 7 803 i 2020. Facebook auka frå 926 til 1 493 følgarar, Twitter frå 1 281 til 1 656, og Instagram frå 497 til 762. Vi publiserte 26 tekstlege blogginnlegg, videobloggar og podcastar frå både interne og eksterne bloggforfattarar på Digitaliseringsbloggen. Nyheitsbrevet hadde 8 816 abonnentar.

Mål 4: Vi styrker klart språk

I 2021 fekk Digdir på plass ein ny fagressurs på klart språk og spissa innsatsen mot digitalisering og innovasjon. Eit tverrfagleg samarbeid i livshendinga dødsfall og arv resulterte i ei rettleiing for klart språk i digitale prosjekt som vi testar og lanserer i 2022.

Vi har og styrka samarbeidet med Språkrådet og KS, arrangerte Klarspråkprisane saman og arrangerte felles, månadlege digitale klarspråk-lunsjar. "Klart språk, betre juss" hadde flest påmeldte med heile 1 471.

Utfordringar

Ein del av synergi- og OU-prosessen i Digdir har handla om å skape ei meir heilskapleg tilnærming til kommunikasjon. Ei av utfordringane er å kommunisere dei ulike satsingane slik at brukarar opplever eitt Digdir, ikkje enkeltsatsingar.

I tråd med nye politiske signal frå ny regjering har Digdir redusert bruken av konsulenttenester på kommunikasjon, som krev nokre tilpassingar i oppgåveløysinga og bemanninga framover.

Arbeidet med klart språk i forvaltninga kan vise til mange gode resultat sidan starten i 2008, men klart språk er ikkje godt nok integrert i det tverrfaglege arbeidet med å utvikle digitale tenester.

Datatilsynet er tydelege på at alle offentlege verksemder må vurdere sin eigen bruk av Facebook. Vi informerte om saka på rettleiinga om bruk av sosiale medium i forvaltninga. Digdir vil ha klar vår vurdering om bruk av Facebook fyrste halvår 2022.

Prioriteringar og tiltak

Vi arbeider med å samordne nettenestene og -tilbodet til Digdir med brukarane i sentrum. I 2022 vil vi starte arbeidet med korleis det offentlege kan kommunisere livshendingane på ein mest mogleg brukarorientert og heilskapleg måte.

I 2021 vil Digdir styrke rutinane og den interne kompetansen og kapasiteten på arrangement og produksjon.

Med det nye, tverrfaglege marknadsteamet i spissen, vil Digdir auke kjennskapen og bruken av Digdir sitt samla tilbod.

Framover vil vi styrke klart språk som ein del av det tverrfaglege teamet i digitaliseringsprosjekt. Hovudtiltaket i 2022 vert å lansere den nye rettleiinga for klart språk i digitale tenester og sikre at den vert brukt.