Det nasjonale økosystemet for digital samhandling og tenesteutvikling
«Alle» som er opptekne av å skape samanheng mellom offentlege digitale tenester, snakkar om felles økosystem – som sjølvsagt ikkje er eit økosystem i bokstaveleg forstand. Men kva er det då?
Den korte forklaringa er at felles økosystem handlar om korleis vi tenker om digital samhandling og tenesteutvikling – og bruker dei felles ressursane våre så effektivt og berekraftig som mogleg.
Omgrepet «økosystem» er henta frå naturen og handlar om korleis alt heng saman med alt. Det vil seie korleis alle dei levande organismane heng saman med, og vert påverka av, miljøet dei lever i. Når vi bruker «økosystem» om nasjonal, digital samhandling og tenesteutvikling, er det fordi samanlikninga er openberr.
Kva er felles økosystem?
Felles økosystem er kjerna i Digdir sitt samfunnsoppdrag
Ulike verksemder, tenesteområde og bransjar utgjer ulike, mindre økosystem. Ein innbyggar som til dømes blir sjuk, skal gjennom eit arveoppgjer eller starte eit føretak, treng ofte tenester frå fleire av desse økosystema. Dersom vi skal makte å utvikle gode, digitale tenester, må vi sjå heilskapen og forstå korleis tenestene heng saman, både i – og mellom – økosystema. Her kjem felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling inn. Det består av grunndataregister, andre nasjonale fellesløysingar, tekniske plattformar, arkitektur, prinsipp, standardar og beste praksis.
Dette er ressursar vi i større grad bør dele på for å samle, lagre og analysere data, og for å utvikle brukarretta, samanhengande, sikre og effektive digitale tenester. Difor er arbeidet med å samordne utviklinga av felles økosystem navet i Digdir sitt samfunnsoppdrag – mellom anna ved å identifisere behov for fellesløysingar og andre ressursar som ikkje er dekka i dag og sikre rammevilkåra som trengs.
Felles økosystem er ein føresetnad for å skape éin digital offentleg sektor
Økosystemet for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling består av aktørar – statlege, kommunale, næringsliv og frivillige organisasjonar – som samarbeider for å utvikle brukarvenlege tenester som heng saman. Forvaltningsnivåa må samarbeide for å løyse juridiske, organisatoriske, semantiske og tekniske problemstillingar. Skal felles økosystem fungere godt, må det legge til rette for riktig organisering, finansiering og regelverk.
Aktørane utviklar og forbetrar samhandlingsevna gjennom å dele ressursar og skape løysingar saman. Fellesløysingane er éin type ressursar, andre er standardar, beste praksis og prinsipp.
To døme på felles behov vi allereie har identifisert er eID for alle og ei fullmaktsløysing, som vil løyse utfordringar i fleire av livshendingane. Digdir jobber saman med Skate og andre for å identifisere og ha oversikt over framtidige behov i felles økosystem.
Dette er dei sju prioriterte livshendingane
At alle deltek, nyttar og bidreg i eit felles økosystem er ein føresetnad for å nå ambisjonen om at brukarane skal oppleve éin digital offentleg sektor, uavhengig av kven som leverer tenesta. Noreg har prioritert sju livshendingar fram mot 2025: