Universell utforming – fagrekneskap
I 2021 har tilsyna vore retta mot digitale løysingar i utdanningssektoren. Brot på regelverket er avdekka i alle tilsyn. I digital undervising og digitale læremiddel er universell utforming avgjerande for å unngå utestenging. Tilsyn og kartlegging av digitale barrierar i utdanning vert også prioritert i 2022.
Digdir er tilsynsorgan for universell utforming av ikt i privat og offentleg sektor. Tilsynet har ei uavhengig rolle, men inngår Digdir si verksemd. Visjonen om eit samfunn utan digitale barrierar er utleia av formålet med regelverket og støttar regjeringa sitt mål om ein ikt-politikk for verdiskaping og deltaking for alle.
Mål
Hovudmålet for fagområdet universell utforming er at IT-løysingar i privat og offentleg sektor skal vere universelt utforma. Vi har operasjonalisert hovudmålet i tre undermål:
- Fremme auka etterleving av regelverk for uu av ikt
- Styrke rolla som fagorgan iinnan uu av ikt
- Utvikle tilsynet til ein datadriven organisasjon med digitale prosessar
Resultat
Mål 1: Fremme auka etterleving av regelverk for uu av ikt
Tilsyn
Tilsyn er utført med Lånekassen, BI, UiB, UNIT og Tønsberg kommune. Alle hadde brot på regelverket, som manglande tekstalternativ, dårleg kontrast, vanskar med tastaturnavigasjon og feil i digitale skjema. Alle fekk pålegg om retting. To fekk vedtak om bot, og bota vart iverksett i eitt tilsyn.
Tilsyn har effekt. Hjå Tønsberg kommune, avdekka vi brot på regelverket i appen Min Skole. I følgje leverandøren Visma vart korrigeringar rulla ut til 230 kommunar som brukar appen. Hjå UiB avdekka vi brot på regelverket i den digitale eksamensløysinga, slik at studentar med nedsett syn og kognisjon ikkje fekk gjennomført eksamen på like vilkår. Bot vart iverksett.
I perioden 2015–2021 har vi avdekka brot på regelverket i 49 av 51 tilsyn. Dei fleste rettar opp frivillig. Det er gitt pålegg om retting i 15 tilsyn, vedtak om bot i fem tilsyn, og bot er iverksett i to tilfelle.
Effektiv saksbehandling
Tilsynet behandlar søknader om dispensasjon frå regelverket. Dispensasjon er innvilga i fire av ni saker og delvis dispensasjon i ei sak. Fire søknader er avslått eller avviste. Saksmengda aukar. Vi har 18 pågåande dispensasjonssaker, inkludert klagesaker. Sakene har høg kompleksitet og krev mykje kapasitet.
Etter lova er tilsynet uttaleorgan for klager om diskriminering med bakgrunn i manglande uu av ikt som Diskrimineringsnemnda behandlar. Regelverket for uu av ikt gir dermed diskrimineringsvern for den enkelte. Slike klagesaker har høg prioritet. Resultatet påverkar direkte tilsynet sin praksis i handheving av regelverket.
I 22 av 27 klagesaker har tilsynet konkludert med brot på regelverket og dermed diskriminering. Det er brot på krav om at nettsider og appar skal vere tilgjengelege for personar som brukar hjelpemiddelteknologi, i 18 av 18 saker der dette var tema. Tilsvarande brot er avdekka på krav om at nettsider skal kunne navigerast med tastatur og at ikkje-tekstleg innhald skal ha tekstalternativ. Diskriminering er også avdekka ved bruk av digitale skjema og ulike former for navigasjon på nettstader og appar. Avvika famnar breitt og medfører diskriminering og digitalt utanforskap for personar som er blinde, har nedsett syn, høyrsel, motorikk og ulike kognitive funksjonsnedsetjingar.
Informasjon og rettleiing
Behovet for rettleiing aukar. I 2021 hadde vi 133 000 besøk på uutilsynet.no, ein auke på 30 prosent frå 2020.
Vi utvidar uutilsynet.no løpande. Nye krav for offentleg sektor i 2022 som følgje av EUs webtilgjengelegheitsdirektiv og oppheving av unntaket for eldre ikt-løysingar, har vore satsingsområde i 2021. To informasjonsfilmar med rettleiing om nye krav er lanserte på uutilsynet sin nettstad.
Vi når mange gjennom digitale foredrag og webinar. I 2021 hadde vi 14 foredrag og webinar. Fagbloggen på uutilsynet.no hadde 12 innlegg. Tilsynssaker vert diskuterte i sosiale media, og det har vore 29 medieoppslag i blant anna VG og NRK, og spesielt om tilsyn med NAV, Skatteetaten og UiB.
Mål 2: Styrke rolla som fagorgan
Datadriven områdeovervaking
Vi har lansert statistikk- og analysesider på uutilsynet.no. Formålet er å formidle kunnskap om digital deltaking, barrierar og digitalt utanforskap, basert på eigne data og offentleg statistikk. Den digitale områdeovervakinga skal vidareutviklast i 2022, med vekt på utdanningssektoren og utvida regelverk.
Regelverk og samarbeid – ny myndigheitsoppgåve
Frå 1.2.2022 er det norske regelverket for nettsider og appar utvida med EUs webdirektiv, med eitt års innføringstid. Utvida krav gjeld for offentleg sektor, noko som inneber ulikt regelverk for offentlege og private verksemder. Det er også krav om auka kontrollverksemd frå 2023, frå om lag 10 årlege tilsyn til minst 270 kontrollar og tilsyn per år. Tilsynet digitaliserer og effektiviserer for å vere i stand til å handheve regelverket frå 2023.
Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
Tilsynet deltek i fleire internasjonale samarbeid:
- The Web Accessibility Directive Expert Group (WADEX) leia av EU-kommisjonen
- Nordisk-Baltisk samarbeid (NOBAN) for handheving av EU-regelverk
- Tilsynsdirektøren leiar SAGA, ei strategisk rådgjevingsgruppe for universell utforming, etablert av CEN/CENELEC
Nasjonalt samarbeidar tilsynet systematisk med:
- Diskrimineringsnemnda
- Likestillings- og diskrimineringsombodet
- Bufdir
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Mål 3: Utvikle tilsynet til ein datadriven organisasjon med digitale prosessar
Tilsynet gjennomfører ein digital transformasjon. For å handheve utvida regelverk og kraftig trappe opp kontrollverksemda, skal kontroll og tilsyn baserast på effektiv dataproduksjon og analyse. Arbeidet er i rute til å starte med digitale kontrollar når utvida regelverk trer i kraft 1.2.2023.
Digdir har i 2021 utvikla ei sentral løysing for tilgjengelegheitserklæringar som skal rullast til alle offentlege verksemder i 2022. Dette er første steget mot eit digitalt datadrive tilsyn. I 2022 og 2023 etablerer vi dataplattform og fleire digitale prosessar for kontroll.
Utfordringar
Digitalt utanforskap
Digitalisering skal gjere kvardagen enklare. Likevel har vi digitalt utanforskap. Personar med funksjonsnedsetting har mindre digital erfaring og opplever større vanskar med å bruke digitale løysingar enn befolkninga elles. Elevar og studentar skal i stadig større grad bruke digitale læremiddel og eksamensløysingar. Det har store konsekvensar å bli stengt ute. Tilsynet bygger kunnskap om brukarar og barrierar som vi formidlar på uutilsynet.no. Slik kan vi bidra til å løfte fram område som krev tiltak.
Utvida regelverk
Utvida regelverk for offentleg sektor, og delt regelverk for offentleg og privat sektor krev at tilsynet satsar tungt på rettleiing til ulike målgrupper. Slik understøttar vi etterleving og digital deltaking.
Digital transformasjon
Kontroll er eit viktig verkemiddel for å sikre etterleving. Utvida regelverk set større krav til myndigheitsoppgåva. I 2022 vil kapasiteten til å føre tilsyn fortsett vere prega av at vi står i ein digital transformasjon med overgang frå manuelle metodar til datadrivne kontrollar i stort volum.
Prioriteringar og tiltak
For å møte dei utfordringane som tilsynet står i, vil tilsynet i 2022 prioritere
- tilsyn med digitale læremiddel og løysingar i utdanningssektoren
- formidling av kunnskap om status for uu av ikt og digitalt utanforskap
- oppdatert rettleiing om nye krav
- førebu handheving av utvida og delt regelverk
- utrulling av løysing for tilgjengelegheitserklæring i offentleg sektor
- vidare utvikling av datadrive digitalt tilsyn med etablering av dataplattform og digitale kontrollar