Kommunikasjon – oversikt

Vi vurderer måloppnåinga på kommunikasjon i 2021 som god. Nettbruken auka, fleire arrangement med meir nøgde deltakarar, og klarspråk tok nye steg.

Bilde av en person som blir filmet av et kamera.

Nøkkeltal

Bruken av nettstadane våre auka igjen i 2021. Den nye heimesida digdir.no nær dobla bruken i det andre leveåret og vi auka talet på følgarar i sosiale medium. Vi leverte fleire digitale arrangement og brukarane er meir nøgde både med arrangementa og det faglege utbyttet.

68 324 185

brukarøkter i altinn.no og 120 millioner sidetreff fordelt på 4,9 millioner unike brukarar

4,97

brukarskår for fagleg nytte på Digdir sine arrangement (skala 1–6)

10 093

følgarar på Linkedin i andre leveåret til Digdir, mot 7 803 i 2020

Digdir sine mål

Digdir hadde fire mål for kommunikasjonsarbeidet sitt i 2021.

Mål 1

Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som hjelper fleire for mindre

Resultat

  • Digdir.no nær dobla bruken, medan bruken av uutilsynet.no auka 35 prosent
  • Altinn.no hadde om lag 4 millionar brukarar og når 70 millionar brukarøkter i 2021

Utfordringar og tiltak

Vi må kommunisere mange satsingar og fagområde heilskapleg, slik at brukarane opplever eitt Digdir

Målet ble oppnådd med god margin

Mål 2

Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med

Resultat

  • Digdir leverte fleire arrangement enn i 2020
  • Brukarane har større fagleg nytte av og er meir nøgde med arrangementa

Utfordringar og tiltak

Vi skal styrke den interne kapasiteten og kompetansen ytterlegare

Målet ble oppnådd med god margin

Mål 3

Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir

Resultat

  • Digdir auka aktiviteten i sosiale medium i 2021
  • LinkedIn auka til over 10 000 følgjarar

Utfordringar og tiltak

Vi skal auke kjennskapen og bruken av Digdir sitt samla tilbod med nytt marknadsteam i spissen

Målet ble oppnådd med god margin

Mål 4

Vi styrker klart språk

Resultat

  • Vi testa ut og laga ei rettleiing for korleis vi kan skape meir brukarvennlege digitale tenester med klart språk
  • Klarspråk-lunsjen «Klart språk, betre juss» sette rekord med 1 471 påmeldte

Utfordringar og tiltak

I 2022 skal vi teste og lansere den nye rettleiinga for klart språk i digitale tenester

Målet ble oppnådd med god margin