Hopp til hovudinnhald

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Dette er Digdir

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet.

Møt Digitaliseringsdirektoratet

Regjeringa har ein ambisjon om at offentleg sektor i Noreg skal vere verdsleiande på digitalisering. Det skal mellom anna skje gjennom fellessatsingar og tenester for å skape éin felles digital offentleg sektor. Det inneber at staten, kommunane og heile forvaltningsapparatetet skal samarbeide med næringslivet og frivillige organisasjonar, slik at vi – saman – kan utnytte dei moglegheitene digitalisering gir oss og kan skape.

Digdir si rolle er å trekke utviklinga i den retninga som tener fellesskapet best. Digdir skal også sørge for at Norge handterer utfordringane digitaliseringa kan medføre, til dømes på informasjonssikkerheit og personvern. Og ikkje minst: Digitalisering handler ikkje berre om teknologi, men minst like mykje om menneska teknologien skal fungere for.

Innbakt i regjeringa og KS sin ambisjon ligg det difor ein klar marsjordre til Digdir om å legge til rette for og skape gode møter mellom teknologien og menneska, anten dei er innbyggarar, frå næringslivet eller representerer ein frivillig organisasjon.

Samfunnsoppdraget til Digdir er å vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet – sjøvsagt i tett samarbeid med mange andre aktørar i både offentleg og privat sektor.

Alt dette ligg i Digdir sin visjon: Saman for ein enklare digital kvardag.

I praksis inneber det eit omfattande sett av oppgåver, tenester og ansvarsområde, som vart samla under same paraply då Digdir vart oppretta 01.01.2020.

Då gjekk Altinn og deler av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og deler av det tidligere Direktoratet forforvaltning og ikt (Difi) saman for å danne spydspissen i Noreg på digitalisering.

Samtidig vart avdeling for leiing og avdeling for utgreiing og analyse overført frå Difi til Direktoratet for økonomistyring, som skifta namn til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Frå 1.9.2020 vart også avdeling for offentlege anskaffingar overført frå det nye Digitaliseringsdirektoratet til DFØ.

Illustrasjon av sammenslåingsprosessen der Difi vart delt i to, og den eine delen vart ein del av DFØ, mens den andre vart slått saman med delar av Brønnøysundregisterne for å bli Digdir

Verdiane våre

Verdiane påliteleg, inkluderande og uredd er det som skal kjenneteikne Digdir i alle rollene vi har og arbeidsoppgåvene vi utfører.

  • Verdien påliteleg handlar mellom anna om at du kan stole på at vi leverer som forventa, følger opp beslutningar og tek ansvar for heilskapen.
  • Verdien inkluderande handlar til dømes om at vi er ein arbeidsplass med plass for alle, jobber prestisjelaust saman med kvarandre og andre, set pris på andre sin kompetanse — og at vi feirar kvarandre.
  • Verdien uredd handlar til dømes om at vi tør å utforske ukjent terreng, at vi tør å utfordre — og å bli utfordra, og at vi er ambisiøse på eigne og kvarandre sine vegner.

Les vidare