Roller og oppgaver
Digdir har fire roller. Her forklarer vi kva dei inneber.
Premissgivar
Som premissgivar legg vi premissa, samordnar, gjer råd og er pådrivar for digitalisering.
Dette inneber at vi:
- gir regjeringa faglege råd om politikkutvikling
- utvikar ein styrings- og finansieringsmodell som fremmar digitalisering
- vidareutviklar felles økosystem
- skaper nye tenester gjennom meir og sikker deling og bruk av data
- leiar og er sekretariat for Skate
- samordnar og rettleiar offentlege verksemder på informasjonssikkerheit
- utviklar eit digitaliseringsvennleg regelverk som fjernar hindringar og set fart på digitaliseringa
Iverksettar
Som iverksettar set vi i verk tiltak, prosjekt og handlingsplanar i tråd med vedteken politikk.
Dette inneber at vi:
- realiserer livshendingane og skapar nye samanhengande tenester
- konkretiserer strategiar og utviklar metodeverk
- forvaltar støtte- og stimuleringsordningar som Medfinansieringsordninga, StimuLab og andre verkemiddel
- er sekretariat for Digitaliseringsrådet og Arkitektur- og standardiseringsrådet
Leverandør
Som leverandør leverer vi nye digitale fellesløysingar og forvaltar, videreutviklar og utvidar bruken av eksisterende løysingar.
- Altinn
- Felles datakatalog
- ID-porten
- Kontakt- og reservasjonsregisteret
- Digital postkasse
- eSignering
- ELMA
- eInnsyn
- eFormidling
- Maskinporten
Tilsyn
Som tilsyn er vi tilsynsmyndigheit for universell utforming av nett, apper og automatar i både offentleg og privat sektor.
- datadrive tilsyn med ikt-løysingar
- informerer og rettleiar
- kunnskap om tilstand for universell utforming
- bistand til regelverk og standardisering nasjonalt og internasjonalt