Hopp til hovudinnhald

Roller og oppgaver

Digdir har fire roller. Her forklarer vi kva dei inneber.

Grafisk framstilling av de fire rollene til Digdir: premissgiver, iverksetter, leverandør og tilsyn

Premissgivar

Som premissgivar legg vi premissa, samordnar, gjer råd og er pådrivar for digitalisering.

Dette inneber at vi:

  • gir regjeringa faglege råd om politikkutvikling
  • utvikar ein styrings- og finansieringsmodell som fremmar digitalisering
  • vidareutviklar felles økosystem
  • skaper nye tenester gjennom meir og sikker deling og bruk av data
  • leiar og er sekretariat for Skate
  • samordnar og rettleiar offentlege verksemder på informasjonssikkerheit
  • utviklar eit digitaliseringsvennleg regelverk som fjernar hindringar og set fart på digitaliseringa
Illustrasjon av to hender som setter sammen en sirkel og en firkant

Iverksettar

Som iverksettar set vi i verk tiltak, prosjekt og handlingsplanar i tråd med vedteken politikk.

Dette inneber at vi:

  • realiserer livshendingane og skapar nye samanhengande tenester
  • konkretiserer strategiar og utviklar metodeverk
  • forvaltar støtte- og stimuleringsordningar som Medfinansieringsordninga, StimuLab og andre verkemiddel
  • er sekretariat for Digitaliseringsrådet og Arkitektur- og standardiseringsrådet
Bilde av en person med en pc og en ropert.

Leverandør

Som leverandør leverer vi nye digitale fellesløysingar og forvaltar, videreutviklar og utvidar bruken av eksisterende løysingar.

  • Altinn
  • Felles datakatalog
  • ID-porten
  • Kontakt- og reservasjonsregisteret
  • Digital postkasse
  • eSignering
  • ELMA
  • eInnsyn
  • eFormidling
  • Maskinporten
Illustrasjon av en hånd som gir en sirkel til en person.

Tilsyn

Som tilsyn er vi tilsynsmyndigheit for universell utforming av nett, apper og automatar i både offentleg og privat sektor.

  • datadrive tilsyn med ikt-løysingar
  • informerer og rettleiar
  • kunnskap om tilstand for universell utforming
  • bistand til regelverk og standardisering nasjonalt og internasjonalt
Illustrasjon av en person som holder en telefon.