Universell utforming – oversikt

I 2021 har tilsynsaktiviteten i uutilsynet vore retta mot digitale løysingar i utdanningssektoren. I digital undervisning er universell utforming avgjerande for å unngå utestenging.

Bilde av en smilende jente med briller som holder et nettbrett

Digdirs mål

Digdir hadde tre mål for arbeidet med universell utforming av ikt i 2021.

Mål 1

Fremme auka etterleving av regelverk for uu av ikt

Resultat

Det er gjennomført målretta tilsyn, og sakshandsaminga er effektivisert. Gjennom året er det gjennomført ei rekkje tiltak for å spreie informasjon og rettleiing.

Utfordringar og tiltak

Utvida regelverk for offentleg sektor, og delt regelverk for offentleg og privat sektor krev at tilsynet satsar tungt på rettleiing til ulike målgrupper. Slik understøttar vi etterleving og digital deltaking.

Oppnådd

Mål 2

Styrke rolla som fagorgan

Resultat

Nye statistikk- og analysesider er lansert. Tilsynet samarbeider om regelverk både nasjonalt og internasjonalt, og har dialog med fleire instansar om saker knytta til diskriminering, m.a. av barn og unge i utdanningssektoren.

Utfordringar og tiltak

Det har store konsekvensar å bli stengt ute. Tilsynet bygger kunnskap om brukarar og barrierar som vi formidlar på uutilsynet.no. Slik kan vi bidra til å løfte fram område som krev tiltak.

Oppnådd

Mål 3

Utvikle tilsynet til ein datadriven organisasjon med digitale prosessar

Resultat

Tilsynet er i gang med ein digital transformasjon for å førebu handheving av utvida regelverk og auke kontroll og tilsyn basert på effektiv dataprodukson og analyse. Første steg er lanseringa av den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæring for offentlege verksemder.

Utfordringar og tiltak

Tidsfristen er kort og ei vellukka gjennomføring krev at vi klarer å halde framdriftsplanen. I 2022 vil tilsynet sin kapasitet til å føre tilsyn vere redusert av den digitale transformasjonen frå manuelle metodar til datadrivne kontrollar.

Delvis oppnådd

Brot på krava i klagesaker på ikt-området

Det er brot på retningslinje 1.1 Tekstalternativ i 12 av 15 saker, det er brot på retningslinje 1.3 Mogleg å tilpasse i 10 av 12 saker, det er brot på retningslinje 1.4 Mogleg å skilje frå kvarandre i 9 av 11 saker, det er brot på retningslinje 2.1 Tilgjengeleg med tastatur i 12 av 18 saker, det er brot på retningslinje 2.4 Navigerbar i 8 av 11 saker, det er brot på retningslinje 3.3 Inndatahjelp i 12 av 12 saker og det er brot på retningslinje 4.1 Kompatibel i 18 av 18 saker.
Diagrammet viser tal på klagesaker der dei sju retningslinjene 1.1 Tekstalternativ, 1.3 Mogleg å tilpasse, 1.4 Mogleg å skilje frå kvarandre, 2.1 Tilgjengeleg med tastatur, 2.4 Navigerbar, 3.3 Inndatahjelp og 4.1 Kompatibel inngår, og kor mange av sakene det er avdekka brot på retningslinjene i. (Det er feil i denne grafen i PDF-versjonen.)

Nøkkeltal om universell utforming

Tilsynsaktiviteten har over tid avdekka mange brot på regelverket. Dei fleste rettar opp avvika innan fristen. Det er aukande interesse for informasjon og rettleiing om universell utforming.

51

Gjennomførte tilsyn i perioden 2015–2021

49

Avdekka brot på regelverket i perioden 2015-2021.

133 000

Besøk på nettsidene til uutilsynet.no. Auke på 30 % siste år.